Straff for å ha hatt med kokain å gjere – bruk av samfunnsstraff
Høgsteretts dom 10. oktober 2018, HR-2018-1942-A, (sak nr. 18-103952STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Steinar Jacob Thomassen) mot Påtalemakta (statsadvokat Johan Øverberg)
Dommarar: Noer, Bull, Høgetveit Berg, Falch, Indreberg
Ein mann på 30 år blei dømd til 204 timar samfunnsstraff for å ha hatt med 62 gram kokain å gjere.
Ei alternativ fengselsstraff ville vore fengsel i sju månader. Den domfelte hadde i ettertid skaffa seg arbeid og fekk svært gode skussmål frå arbeidsgivaren. Han hadde også endra den personlege livssituasjonen sin. På denne bakgrunnen kom Høgsterett til at han burde dømmast til samfunnsstraff i staden for fengsel.
Det blei halde fram at stoffmengda han blei dømd for, samla kunne samanliknast med eit grovt narkotikabrotsverk, og stilt spørsmål om kva som måtte krevjast for å kunne dømme til samfunnsstraff.
Avgjerda har betydning for vurderinga av samfunnsstraff ved domfelling for narkotikalovbrot..