Straff for deltaking mv. i ISIL

Høgsteretts dom 4. september 2018, HR-2018-1650-A (sak nr. 18-044407HRETSTR), straffesak, anke over dom, A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Frederik G. Ranke)

Dommarar: Bergsjø, Møse, Falch, Berglund, Utgård

Ein 33 år gammal mann frå Oslo var i lagmannsretten dømd til ni års fengsel for deltaking i, rekruttering til og økonomisk og materiell støtte til terrororganisasjonen ISIL. Høgsterett forkasta anken hans over lovbruken, saksbehandlinga og straffutmålinga. 

Mannen var i perioden 2013–2015 ein sentral medlem i ei islamistisk gruppe i Noreg. Han gav aktiv bistand til og la til rette for fleire norske framandkrigarar, både før dei slutta seg til ISIL, og medan dei kjempa for organisasjonen i Syria.

Høgsterett fann at han på den bakgrunnen var å rekne som deltakar i ISIL frå årsskiftet 2013/2014 til desember 2015, jf. straffelova 1902 § 147 d og straffelova 2015 § 136 a.

Vidare var Høgsterett einig med lagmannsretten i at han også måtte dømmast etter straffelova 1902 § 147 d for å ha rekruttert to medlemmer til ISIL og for å ha gitt økonomisk støtte og diverse utstyr til to andre medlemmer. 

Ved straffutmålinga tok Høgsterett utgangspunkt i at ISIL er rekna som ein av dei verste terrororganisasjonane i vår tid. Slike organisasjonar representerer ein stor trussel mot samfunnssikkerheita og våre demokratiske verdiar, og det må av allmennpreventive årsaker reagerast strengt mot denne typen lovbrot. Straffa blei som i lagmannsretten sett til ni års fengsel. 

Dommen gir rettleiing for korleis ein skal forstå omgrepa "deltar i", "rekrutterer" og "yter økonomisk eller annen materiell støtte" i straffelova 1902 § 147 d og straffelova 2005 § 136 a.

Les heile avgjerda