Straff for diskriminerande og hatefull ytring
Høgsteretts dom 12. april 2018, HR-2018-674-A, (sak nr. 2018/34), straffesak, anke over dom,
A (advokat Ketil Magnus Berg) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Frederik G. Ranke)
Dommarar: Sverdrup, Bergh, Kallerud, Ringnes, Webster
Ein 24 år gammal mann blei dømd for å ha kalla ein mann frå Somalia for "jævla neger" under ein krangel på byen i Halden.
Mannen hadde skrike dette fleire gonger medan mange på torget høyrde på. Høgsterett meinte at ein måtte forstå utsegna som ei grov nedvurdering av den fornærma ut frå hudfargen hans. At ytringa blei sett fram i ein krangel, kunne ikkje gjere henne straffri.
Høgsterett fann at handlinga låg i det nedre sjiktet av bruksområdet for straffebodet.