Straffutmåling - frådrag for lang saksbehandlingstid
Høgsteretts dom 17. oktober 2018, HR-2018-1987-A, (sak nr. 18-130989STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Øystein Storrvik) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Terje Nybøe)
Dommarar: Bergh, Falch, Arntzen, Kallerud, Indreberg
Ein mann blei dømd til fengsel i tre år og tre månader for oppbevaring av ca. 600 gram heroin og mindre kvanta av andre stoff. Straffa blei fastsett etter eit frådrag på ni månader for lang saksbehandlingstid i tillegg til frådrag for tilståing og samarbeid med politiet.
Før siktinga hadde det vore ein inaktiv periode – liggetid – i saka på nærmare eitt og eit halvt år. Tingretten fastsette straffa til fengsel i tre år og seks månader etter eit frådrag på seks månader for liggetida. Lagmannsretten uttalte i dommen at dette frådraget "kanskje [var] noe lavt", men gjorde inga endring verken i frådraget eller i totalstraffa. Lagmannsretten viste til føresegna i straffeprosesslova § 344, der det heiter at straffa berre skal endrast dersom det er eit "åpenbart misforhold mellom den straffbare handling og straffen".
Høgsterett uttalte at etter nyare rettspraksis knytt til straffeprosesslova § 344 skal ankedomstolen etter gjennomført ankeforhandling fastsette ei riktig straff sjølv om dette skulle innebere berre ei mindre justering av straffutmålinga i underinstansen.
Avgjerda avklarer bruken av straffeprosesslova § 344 i saker som er avgjorde etter ankeforhandling.