Straffutmåling for aktlaust bildrap

Høgsteretts dom 28. februar 2018, HR-2018-389-A, (sak nr. 2017/1930), straffesak, anke over dom

I. Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Mari Gjersøe) mot A (advokat Arne Gunnar Aas)

II. A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Mari Gjersøe)

Dommarar: Noer, Bergsjø, Kallerud, Webster, Endresen

Ein mann blei dømd til fengsel i åtte månader – av dei tre månader på vilkår – for å ha rygga på ei jente slik at ho døydde.

Køyringa skjedde i samband med at lastebilsjåføren skulle tømme eit lass med jord i nærleiken av ein gang- og sykkelveg. Han rygga på gang- og sykkelvegen utan å forsikre seg om at det var klar bane bakover. Køyringa skjedde ikkje langt frå ein skole og rett før skolestart.

Tre månader av dommen blei gjorde til vilkårsdom som følge av at lastebilsjåføren hadde eineansvaret for ein gut med særlege behov.

Dommen har betydning for straffenivået ved grovt aktlaus køyring som fører til trafikkuhell.

Les heile avgjerda