Straffutmåling og forvaring etter fleire tidlegare domfellingar for valdtekt

Høgsteretts dom 12. april 2018, HR-2018-675-A, (sak nr. 2018/64), straffesak, anke over dom, 

A (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Benedikte Høgseth)

Dommarar: Ringnes, Sverdrup, Bergh, Kallerud, Webster

Høgsterett dømde ein mann til forvaring med ei tidsramme på åtte år og ei minstetid på fem år og fire månader for valdtekt til samleie av ei kvinne som var narra til å ta Rivotril, slik at ho var ute av stand til å motsette seg samleiet, jf. straffelova 2005 § 292 bokstav a og bokstav d. 

Ved straffutmålinga tok Høgsterett utgangspunkt i ei straff på fengsel i fire år for valdtekta, og kom til at påslaget for neddopinga skulle vere omkring eitt og eit halvt år. Den domfelte var tidlegare dømd tre gonger for valdtekt, av dei eitt valdtektsforsøk av ein mindreårig, alle av svært alvorleg karakter. Som følge av dette blei fengselsstraffa sett til åtte år.

Den domfelte blei dømd til forvaring fordi det er nærliggande fare for at han kan gjere seg skuldig i nye valdtekter, og fordi ei tidsavgrensa fengselsstraff ikkje er tilstrekkeleg til å verne samfunnet. 

Dommen gir rettleiing for straffutmålinga når det i tillegg til valdtekt til samleie ligg føre ei handling som omhandla i straffelova § 292 bokstav d. Dommen gir vidare rettleiing for straffutmålinga når den domfelte tidlegare er dømd for valdtekt.

Les heile avgjerda