Fartsoverskridingar - speedometeret viste feil
Høgsteretts dom 23. mars 2018, HR-2018-573-A, (sak nr. 2017/2031), straffesak, anke over dom,
A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Hugo Henstein)
Dommarar: Kallerud, Normann, Bårdsen, Webster, Endresen
Ein sjåfør blei gitt bot for sju fartsoverskridingar på den same strekninga i løpet av éi veke. Sjåføren stolte på speedometret, som viste for låg fart.
Høgsterett uttalte at ein sjåfør i utgangspunktet må kunne stole på at speedometeret viser nokolunde riktig fart, med mindre han får ei eller anna form for varsel eller indikasjon som burde vekke mistanke om at den viste farten ikkje er riktig.
Den sikta hadde to gonger opplevd at det blinka i fotoboksen trass i at speedometeret viste lovleg fart, og burde da ha undersøkt om målinga i bilen kunne vere feil. Ein må kunne vente at alle bilførarar med norsk førarkort forstår at når det tydeleg blinkar frå ein fotoboks for fartsmåling, er det registrert for høg fart. Det var aktlaust av den sikta å stole på speedometeret etter to slike blink frå fotoboksen.
Dommen avklarar aktsemdsvurderinga ved fartsoverskridingar der speedometeret viser feil.