Aktlaust bildrap
Høgsteretts dom 4. september 2018, HR-2018-1658-A, (sak nr. 18-057356STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Per Ivar Hessen) mot Påtalemakta (statsadvokat Benedikte Høgseth), bistandsadvokat (advokat Halvard Helle)
Dommarar: Bull, Normann, Høgetveit Berg, Kallerud, Webster
Høgsterett (dissens 4–1) kom til at aktløysa som førte til ei bilulykke med dødsfølge, var så stor at bilføraren kunne dømmast for brot på føresegna i straffelova om aktlaust drap, ikkje berre for brot på den generelle regelen i vegtrafikklova § 3 om varsam åtferd i trafikken. Etter ei lovendring i 2001 er kravet for å kunne dømmast for aktlaust drap etter dødsulykker i trafikken noko større enn for å bli dømd for brot på vegtrafikklova § 3.
Dødsulykka skjedde da ein ung bilførar forsøkte å køyre forbi ein mopedist som kom inn i vegbanen framfor han. Bilen hadde ein fart på 80–85 km/t i ei 60-sone. Fleirtalet i lagmannsretten fann det bevist at mopedisten la seg inn mot midten av vegen i tide til at bilføraren kunne ha avbrote forsøket på å køyre forbi på venstre side av mopedisten og dermed unngått samanstøyten.
Fleirtalet i Høgsterett meinte at ein vanleg aktsam bilførar ville ha tatt høgde for at køyremønsteret til mopedisten innebar at han kanskje var i ferd med å krysse vegbanen, og dermed avbrote forbikøyringsforsøket. Dermed var det aktlaust å halde fram med forbikøyringa. Aktløysa måtte i ein slik situasjon også omfatte dødsfølga og kvalifiserte for å bli domfelt for aktlaust drap. Éin dommar var ueinig i at det låg føre tilstrekkeleg aktløyse.
Avgjerda gir rettleiing i kvar terskelen ligg for bruk av føresegna i straffelova om aktlaust drap ved dødsulykker i trafikken.