Tolking av at "handlingen er begått av flere i fellesskap" ved seksuell omgang
Høgsterettsdom dom 9. mai 2018, HR-2018-884-A, (sak nr. 2018/311), straffesak, anke over dom, A (advokat Halvard Helle) mot Påtalemakta (statsadvokat Ellen Cathrine Greve)
Dommarar: Berglund, Bergsjø, Ringnes, Høgetveit Berg, Matningsdal
Tolking av formuleringa "handlingen er begått av flere i fellesskap" ved seksuell omgang med barn under 16 år
Høgsterett slo fast at vilkåret om at "handlingen er begått av flere i fellesskap" ikkje er oppfylt dersom éin person har utført handlinga og ein annan har medverka.
Straffelova 1902 § 196 første ledd set ei øvre strafferamme på 6 år ved seksuell omgang med barn under 16 år. Etter andre ledd i føresegna aukar strafferamma til 15 år dersom handlinga er utført i fellesskap. Høgsterett meinte at vilkåret "handlingen er begått av flere i fellesskap" inneber at fleire enn éin person må ha utført seksuell omgang med den fornærma. Det er ikkje tilstrekkeleg at den eine deltakaren i seksuallovbrotet utfører den seksuelle omgangen, medan den andre medverkar til handlinga.
Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå uttrykket "handlingen er begått av flere i fellesskap" ved seksuallovbrot.