Kven er arbeidsgivar for pilotar og kabintilsette i Norwegian?
Høgsteretts dom 12. desember 2018, HR-2018-2371-A, (sak nr. 18-042829SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, Hans Joachim Strøm, Berndt Anders Salmonsson, Halvor Vatnar, Kim Rossing Jensen, Trude Mathisen, Anita Johannessen, Oddbjørn Ketil Holsether, René-Charles Gustavsen, Trond Erik Torgersen, Alf Wilhelm Villum Hansen, Anne Marit Breimyr Lindén (advokat Christen Horn Johannessen), Landsorganisasjonen i Norge (partshjelper), Norsk Flygerforbund (partshjelper, advokat Håkon Angell), Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (partshjelper, advokat Sigurd-Øyvind Kambestad) mot Norwegian Air Norway AS (advokat Christian Backe), Norwegian Air Shuttle ASA (advokat Tarjei Thorkildsen), Næringslivets Hovedorganisasjon (partshjelper, advokat Margrethe Meder)
Dommarar: Matningsdal, Noer, Bull, Ringnes, Høgetveit Berg
Pilotar og kabintilsette i Norwegian, som i dag er tilsette i eigne pilot- og kabinpersonellselskap i Norwegian-konsernet, fekk ikkje medhald av Høgsterett i at dei også er tilsette i morselskapet i konsernet. Pilotane fekk heller ikkje medhald i kravet om at dei er tilsette i eit dotterselskap som har vore arbeidsgivaren deira i ein avgrensa periode.
Konsernet, som i det daglege gjerne blir omtalt som «flyselskapet Norwegian», har vore igjennom ei omfattande og langvarig omorganisering. Den nye konsernstrukturen består av tre forretningsområde: drift, personell og tenester, og eigarrettar til flyflåten, med eigne selskapsstrukturar innanfor kvart område. Saka dreier seg om dei arbeidsrettslege konsekvensane av denne omorganiseringa.
Morselskapet i konsernet er Norwegian Air Shuttle ASA (NAS). Dette var opphavleg det einaste selskapet, og pilotar og kabinpersonell var tilsette her. Etter planen skal morselskapet ikkje drive eiga flyverksemd i framtida. Denne verksemda er no stort sett flytta over til separate driftsselskap. Morselskapet har fram til i dag drive eiga flyverksemd.
Det sentrale driftsselskapet i saka er Norwegian Air Norway (NAN). Som ledd i omorganiseringa av konsernet blei pilotane først overførte ved verksemdsoverdraging frå morselskapet til NAN. Ei seinare verksemdsoverdraging overførte pilotane til eit eige pilotselskap. Tilsettingsforholda for dei kabintilsette blei overførte direkte frå NAS til eit eige selskap for kabinpersonell.
Pilot- og kabinpersonellselskapa, som er norske selskap, er eigde av NAS gjennom NAS’ irske dotterselskap Norwegian Air Resources Limited (NAR). NAR har inngått kontraktar med NAS og NAN om levering av pilot- og kabintenester til flyverksemda som desse selskapa driv.
Hovudspørsmålet i saka var om desse kontraktane berre går ut på innleige av arbeidskraft, eller om dei utgjer levering av ei meir omfattande teneste, gjerne omtalt som entreprise. Ettersom ordninga er meint å vere varig, vil ho ikkje vere lovleg dersom ho må reknast for berre å innebere innleige av arbeidskraft.
Som i tidlegere saker om dette spørsmålet bygde Høgsterett på dei kriteria som er nedfelte i forarbeida – lovutvalsutgreiingar og odelstingsproposisjonar – til arbeidsmiljølova. Det viktigaste da er om oppdragstakaren (NAR) eller oppdragsgivaren (NAS og NAN) har ansvaret for å leie arbeidet, og kven som har ansvaret for resultatet av arbeidsinnsatsen. Er det oppdragstakaren, taler det sterkt for at det ligg føre ein entreprise. På grunnlag av dei inngåtte kontraktane og praktiseringa av dei kom Høgsterett til at det var NAR som først og fremst hadde dette ansvaret, ikkje NAS eller NAN. Dei kontrollfunksjonane som NAS og NAN har, går ikkje ut over det ein oppdragsmottakar naturleg vil ha. Andre trekk ved avtaleforholdet kunne ikkje føre til at avtaleforholdet hadde karakter av innleige.
Pilotane og dei kabintilsette hadde gjort gjeldande at NAS uansett måtte reknast som arbeidsgivar ved sida av pilot- og kabinpersonellselskapa etter læra om arbeidsgivaransvar på særskilt grunnlag. Høgsterett kom til at heller ikkje dette gav grunnlag for å rekne NAS som arbeidsgivar, og uttalte at det skal mykje til for å rekne to ulike selskap for å ha felles arbeidsgivaransvar for ein tilsett.
I denne samanhengen hadde arbeidstakarane peikt på at arbeidsgivaransvaret var flytta «nedover» innanfor det same konsernet, medan arbeidstakarane beheldt sine tidlegare arbeidsoppgåver. Dei meinte at når morselskapet framleis hadde mest å seie innan verksemda, måtte ei slik omorganisering internt i konsernet i seg sjølv vere eit «særskilt grunnlag» for framleis å rekne morselskapet som arbeidsgivar. Høgsterett var ikkje einig i det. Eit forslag som i praksis ville ha utvida arbeidsgivaransvaret på denne måten, blei ikkje tatt med da dagens arbeidsmiljølov blei vedtatt. Seinare regjeringar har ikkje tatt forslaget opp på nytt. Sjølv om nye måtar å organisere næringsverksemd på kan utfordre formålet i arbeidsmiljølova om å sikre trygge tilsettingsforhold, må det vere opp til lovgivaren å avgjere om ein bør fastsette ein slik regel som arbeidstakarsida hadde argumentert for.
Endeleg kravde pilotar og kabintilsette tilsetting i NAS – pilotane også i NAN – fordi desse selskapa har erkjent at det låg føre innleige, ikkje entreprise, i ein periode mellom 2014/2015 og 1. september 2016. Arbeidstakarane meinte at innleiga i denne perioden ikkje var lovleg fordi ho ikkje kunne reknast som mellombels. Høgsterett gav dei medhald i det. Slik forholda var, meinte Høgsterett at det ville vere openbert urimeleg om pilotar og kabintilsette i dag skulle tilsettast direkte i NAS og NAN på dette grunnlaget. Det blei vist til at strukturen i Norwegian-konsernet mellom anna var eit svar på dei utfordringane som nettverket av internasjonale avtalar om landings- og overflygingsrettar baud på. Det var også vanskeleg å sjå kva fordelar pilotar og kabintilsette ville ha av å vere tilsette i NAS, som ikkje lenger skulle drive eiga flyverksemd, eller i NAN, som på same måte som dei andre driftsselskapa i konsernet var sette opp som «minimumsselskap» med eit fåtal eigne tilsette.
Dommen gir rettleiing om grensa mellom entrepriseforhold og arbeidsinnleige, om arbeidsgivaransvar på «særskilt grunnlag» og om rett til tilsetting ved brot på innleigereglane.