Samvitsatterhald for fastlege

Høgsteretts dom 11. oktober 2018, HR-2018-1958-A, (sak nr. 2018/199), sivil sak, anke over dom, I. Sauherad kommune (advokat Frode Lauareid) mot A, Norges Kristelige Legeforening (partshjelper) (advokat Håkon H. Bleken), II. A, Norges Kristelige Legeforening (partshjelper) (advokat Håkon H. Bleken) mot Sauherad kommune (advokat Frode Lauareid)

Dommarar: Møse, Bull, Berglund, Bergsjø, Endresen

Saka gjaldt oppseiing av ein fastlege fordi legen av samvitsgrunnar ikkje ønskte å sette inn spiral som prevensjonsmiddel. Høgsterett fann at det var inngått ein bindande munnleg avtale i 2011 mellom legen og kommunen som omfatta ein aksept av dette samvitsatterhaldet, og at det ikkje stridde mot lovgivinga eller forskriftene som gjaldt på tilsettingstidspunktet.

Sidan oppseiinga i 2015 bygde på at atterhaldet var i strid med dei pliktene som følgde av fastlegeavtalen hennar, var grunngivinga ikkje sakleg, og oppseiinga blei kjend ugyldig. 

Høgsterett føydde dessutan til nokre generelle uttalar om kva som må tilleggast vekt ved vurderinga av Den europeiske menneskerettskonvensjonen når ein fastlege av samvitsgrunnar reserverer seg mot innsetting av spiral. 

Kommunen blei gitt det objektive ansvaret. Oppseiinga skjedde i eit kontraktsforhold der partane har risikoen for eiga rettsvillfaring, legen hadde mista fastlegestillinga si, og ordlyden i oppseiinga hadde eit pønalt preg.

Les heile avgjerda