Tilbakekall av flyktningstatus og opphaldsløyve

Høgsteretts dom 23. mars 2018, HR-2018-572-A, (sak nr. 2017/1659), sivil sak, anke over dom,

Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Kari Sigurdsen) mot A, B, C (advokat Vera Vikki)

Dommarar: Falch, Matheson, Bull, Høgetveit Berg, Indreberg

Høgsterett kom til at eit vedtak som kalla tilbake flyktningstatus (asyl) og opphaldsløyve, var ugyldig fordi Utlendingsnemnda (UNE) hadde brukt utlendingslova § 37 første ledd bokstav e uriktig.

Saka gjaldt ei mor og ei dotter frå Afghanistan som fekk asyl og mellombels opphaldsløyve i 2011. Dei busette seg på Dokka. Løyvet blei trekt tilbake året etter, da sambuaren til mora kom til Noreg.

Høgsterett bygde på at vilkåra for å kalle tilbake asyl ikkje er et spegelbilete av vilkåra for å innvilge asyl. For tilbakekall er det mellom anna eit krav at endringa som har skjedd i heimlandet, er "vesentlig og stabil". På den andre sida stiller føresegna ikkje noko krav til samsvar.

Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå utlendingslova § 37 første ledd bokstav e og flyktningkonvensjonen artikkel 1C nr. 5.     

Les heile avgjerda