Tvangsfullbyrding av engelsk rettsavgjerd
Høgsteretts kjennelse 28. juni 2018, HR-2018-1265-A, (sak nr. 2017/1886), sivil sak, anke over kjennelse, Deutsche Bank AG (advokat Olav Fredrik Perland) mot Erik Martin Vik (advokat Hans Ingvald Stensholdt)
Dommarar: Bull, Ringnes, Høgetveit Berg, Falch, Endresen
Høgsterett oppheva avgjerda i lagmannsretten om at banken ikkje kunne ta utlegg i aksjar for kravet sitt mot eit selskap som tidlegare var eigd av investoren som eineaksjonær. Aksjane var opphavleg registrerte i VPS med selskapet som eigar, men blei under finanskrisa i 2008 registrerte på investoren sjølv.
Nokre år seinare blei registreringa overført vidare til faren hans. Oslo byfogdembete kom til at det kunne takast utlegg i aksjane, men lagmannsretten kom til det motsette resultatet.
For Høgsterett dreidde saka seg i praksis om forholdet mellom selskapet og investoren, og berre om korleis lagmannsretten forstod norske lovreglar generelt. Høgsterett meinte, i motsetning til lagmannsretten, at ein kan ta utlegg i formuesgode som er overførte frå debitor til ein tredjeperson ved ein ugyldig transaksjon.
Høgsterett var også ueinig i lagmannsretten sitt syn på vilkåra for å rekne ein transaksjon for å vere proforma (utan realitet). Lagmannsretten hadde komme til at det ikkje låg føre proforma.
Etter opphevinga må lagmannsretten behandle utleggssaka på nytt og ta stilling til om det ligg føre ein ugyldig transaksjon, noko dei ikkje tok stilling til i den første avgjerda. Lagmannsretten må vidare avgjere proformaspørsmålet på nytt basert på Høgsteretts rettsoppfatning.
Avgjerda gir rettleiing om utlegg i formuesgode som er overførte frå debitor til tredjeperson, og om grunnprinsippa i norsk rett for å rekne ei overføring for å vere proforma.
Høgsterett kom til at proformaspørsmålet må avgjerast på grunnlag av ei objektiv vurdering av omstenda rundt overføringa.