Lovval i samband med skilsmisse

Høgsteretts dom 20. desember 2019, HR-2019-2420-A, (sak nr. 19-129940SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.

I. A (advokat Ramborg Hege Elvebakk) mot B (advokat Svein Steinfeld Jervell)
II. B (advokat Svein Steinfeld Jervell) mot A (advokat Ramborg Hege Elvebakk)

Dommarar: Møse, Bergsjø, Østensen Berglund, Thyness, Sverdrup

Ein norsk og ein utanlandsk statsborgar som hadde vore gift i mange år, gjekk frå kvarandre i 2016. Dei hadde aldri budd saman i nokon av sine opphavlege heimland. I dei siste 15 åra hadde dei budd i Sveits, der deira einaste barn var fødd. Dei vart einige om fordelinga av formuen på grunnlag av likedeling, men det oppstod tvist om eit tilleggskrav sett fram av kvinna.

Etter at kvinna saman med deira felles barn hadde reist til Noreg, reiste mannen krav mot kvinna for norske domstolar med påstand om frifinning for kravet. Tvisten for Høgsterett gjaldt spørsmålet om kva for eit lands rett som skulle nyttast i saka.

Høgsterett kom til at kravet måtte reknast for å vere knytt til reglane om bidrag, og ikkje ektefellane si formuesordning. Spørsmålet var då om lovvalet var knytt til kva land domstolen ligg i, eller kor den som krev bidraget har vanleg bustad. Høgsterett tok ikkje stilling til dette fordi begge alternativa førte til bruk av norsk rett.

Dommen bidreg til klargjering av lovvalsspørsmål i samband med separasjon og skilsmisse.

Les heile avgjerda