Erstatningsansvar for avviklingsstyre for påståtte feil i samband med fordringsprøvinga
Høgsteretts dom 15. februar 2019 i HR-2019-317-A, (sak nr. 18-103200SIV-HRET), sivil sak, anke over dom:
Even Harry Rønvik (advokat Espen Reidar Ostling) mot Eivind Åkerland (advokat Peter Vagle)
Dommarar: Endresen, Møse, Ringnes, Bergh, Lindsetmo
Ein advokat fungerte som einestyre ved avviklinga av eit kommunalt eigd selskap. Det var ikkje midlar av betydning i selskapet. Eigarkommunane valde å dekke gjelda som selskapet hadde til fleire av kreditorane. Ein kreditor som ikkje fekk dekt kravet sitt, kravde erstatning frå avviklingsstyret.
Høgsterett kom til at det var forsvarleg av avviklingsstyret å konkludere med at det aktuelle kravet ikkje var godt nok dokumentert. Høgsterett viste til at eit rettssubjekt generelt har stor fridom til å unnlate å dekke eit omtvista pengekrav og i staden vise kravshavaren til rettsleg behandling. Omstenda i dette tilfellet gav ikkje grunn til ei anna vurdering.
Avgjerda bidrar til å avklare kva ansvar styret har overfor kreditorane til selskapet, ved avvikling av eit aksjeselskap.