Erstatningsoppgjer etter at ein avtale om kjøp av fast eigedom i Spania vart kansellert – spørsmål om tvisten skal avgjerast etter norsk eller spansk rett
Høgsteretts dom 18. oktober 2019, HR-2019-1929-A, (sak nr. 19-29021SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Propiedades Rott SL (advokat Leif Inge Håland) mot Trond Lie Nilsen (advokat Finn Eide)
Dommarar: Matningsdal, Matheson, Noer, Arntzen, Steinsvik
Ein norsk privatperson busett i Noreg hadde inngått avtale med eit spansk selskap om kjøp av leiligheit i Spania. Kjøparen ønska seinare å kansellere avtalen. Det vart inngått ein eigen «termineringsavtale» om å sette strek over kjøpsavtalen mot at nordmannen betalte erstatning. Partane vart ikkje einige om erstatningsoppgjeret etter denne avtalen, og tvisten vart bringa inn for Stavanger tingrett. Det er endeleg avgjort at Stavanger tingrett har kompetanse til behandle saka, jf. Luganokonvensjonen artikkel 15 nummer 1 bokstav c, jf. artikkel 16 om forbrukarverneting i det land der forbrukaren bur. Partane vart likevel ikkje einige om lovvalet – det vil seie om tvisten skulle avgjerast på grunnlag av norsk eller spansk rett.
Høgsterett fann at tvisten skulle avgjerast etter norsk rett. Eit hovudspørsmål i saka var om heile avtaleforholdet – det vil seie kjøpsavtalen og termineringsavtalen – skulle vurderast samla ved avgjerda av lovvalsspørsmålet. Høgsterett meinte at EUs forordning om lovval i kontraktsforhold – Roma I-forordninga – artikkel 12 ikkje talte mot å late termineringsavtalen åleine vere styrande for lovvalet. Termineringsavtalen var inngått mellom ein privatperson og eit spansk selskap som retta sin næringsverksemd mot Noreg, og var då ein forbrukaravtale etter forordningas artikkel 6 nummer 1. Dette talte for å avgjere saka etter norsk rett. Det vart også lagt vekt på at saka hadde nær tilknyting til Norge, blant anna fordi eigarinteressene i det spanske selskapet i det alt vesentlege var norske, at dei fleste tapspostane knytte seg til dei norske eigarane sine kostnader, og at termineringsavtalen vart sett opp av seljarens norske advokat.
Anken vart forkasta.
Les heile avgjerda