Førerett etter dekningslova

Høgsteretts orskurd 26. september 2019, HR-2019-1786-A, (sak nr. 19-27811SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.  

Overføringsavtalens Sikringsordning (advokat Andreas Norby) mot Oslo Vei AS, konkursbuet (advokat Christian Østerdahl Poulsson)

Dommarar: Matningsdal, Matheson, Noer, Falch, Thyness

Oslo Veivesen si verksemd vart i 2001 overført til Oslo Vei AS, som overtok den kommunale pensjonsordninga for dei tilsette. Då Oslo Vei gjekk konkurs i 2012, gjekk Overføringsordningens Sikringsordning inn og tok på seg å betale reguleringspremiar til pensjonsordninga. Reguleringspremiane går til dekning av årleg oppregulering av pensjonsytingane. Sikringsordningen meldte krav i Oslo Veis konkursbu for eit beløp tilsvarande noverdien av reguleringspremiane og gjorde gjeldande førerett etter dekningslova for ein del av kravet. Konkursbuet godkjente kravet, men gjorde gjeldande at ingen del av kravet hadde førerett. 

Fleirtalet i Høgsterett (tre dommarar) kom til at dei tilsette hadde førerett etter dekningslova for kravet mot Oslo Vei om betaling av reguleringspremiar avgrensa til den summen som følgjer av lova. Mindretalet (to dommarar) meinte i likskap med lagmannsretten at dei tilsette ikkje hadde førerett for nokon del av kravet. Høgsterett tok ikkje stilling til om dei tilsette sin førerett var gått over til Sikringsordningen.

Les heile avgjerda