Gjensidige Pensjonsforsikring AS har plikt til å betale meirverdiavgift på mottekne datatenester

Høgsteretts dom 11. desember 2019, HR-2019-2335-A, (sak nr. 19-073541SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Gjensidige Pensjonsforsikring AS (advokat Per Oskar Tobiassen)
mot Staten v/Skatteetaten (Regjeringsadvokaten v/advokat Nils Sture Nilsson)

Dommarar: Matningsdal, Normann, Noer, Thyness, Sverdrup

Høgsterett kom samrøystes til at Gjensidige Pensjonsforsikring AS hadde plikt til å berekne meirverdiavgift av datatenester som selskapet tok imot frå eit dansk selskap. Tenestene fall dermed ikkje inn under unntaka for finansielle tenester i meirverdiavgiftslova § 3-6. Den sentrale grunngjevinga var at Gjensidige Pensjonsforsikring AS ikkje kunne reknast som eit «investeringsselskap» slik dette omgrepet er forstått i § 3-6 bokstav g.

Bakgrunnen for unntaket for finansielle tenester i meirverdiavgiftslova var eit liknande unntak i EUs regelverk og ønsket om at norske føretak skulle konkurrere på same vilkår som føretak i andre EØS-land. Sjølv om avgiftsregelverket ikkje er bindande for Noreg gjennom EØS-avalen, vil den praksis som EU-domstolen har etablert, difor ha interesse ved tolkinga av den norske føresegna.

Sjølv om Gjensidige Pensjonsforsikring AS tilfredsstilte fleire av kriteria som utgjer kjernen i eit investeringsselskap – blant anna at investeringane skjedde for kunden sin risiko – var det også skilnadar. Gjensidige Pensjonsforsikring AS er – i motsetnad til eit investeringsselskap slik det er forstått i norsk rett – ikkje eigd av investorane. Vidare må kundane i Gjensidige Pensjonsforsikring AS velje mellom ulike risikoprofilar, slik at investeringane ikkje er kollektive i den forstand at midlane vert investert samla med den følgje at risikoen er den same for alle. Alt i alt kom Høgsterett til at desse og andre særtrekk ved selskapets eigarstruktur og investeringsverksemd innebar at det ikkje fullt ut kunne sidestillast med dei selskapa som EU-domstolen til no hadde sett på som investeringsforeiningar.

Avgjerda har interesse for tolkinga av meirverdiavgiftslova § 3-6, særleg bokstav f og g.

Les heile avgjerda