Gyldigheita av trygderettsorskurd om trygdeavgift
Høgsteretts dom 26. november 2019, HR-2019-2193-A, (sak nr. 19-033122SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Jenny Arge Sandvig) mot Trond Bjørshol (advokat Anette Fjeld)
Dommarar: Øie, Bull, Bergsjø, Arntzen, Thyness
Spørsmålet i saka var om ein mann som arbeidde i Malaysia, skulle betale høg eller låg trygdeavgift i inntektsåret 2012 for sitt frivillige medlemskap i folketrygda. Høgsterett kom til at det var riktig av Trygderetten å leggje til grunn at trygdeavgift skulle fastsettast etter låg sats. Statens anke vart på den bakgrunnen forkasta.
Mannen arbeidde i Malaysia frå 2010 til 2014 og var frivillig medlem av folketrygda i heile perioden. Noreg har inngått ei skatteavtale med Malaysia som inneber at inntekt opptent der, ikkje skal skattast for i Noreg.
Mannen hadde likevel ikkje gjort gjeldande skatteavtalen ved likninga for 2012, men vist til fritaksregelen i skattelova § 2-1 tiande ledd. Høgsterett kom til at trygdeavgiftsforskrifta ikkje ga eit klart nok grunnlag for høg avgift i eit slikt tilfelle.
Dommen gir rettleiing for forståinga av dei årlege trygdeavgiftsforskriftene.