Habilitet
Høgsteretts orskurd 26. november 2019 i skriftleg sak, HR-2019-2191-A, (sak nr. 19-093113SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B, C, D, E (advokat Georg Abusdal Engebretsen), Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) (partshjelpar) (advokat Jan Fougner) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Ingrid Skog Hauge)
Dommarar: Webster, Bull, Normann, Ringnes, Berglund
Dommar Steinsvik er habil i ankesak om beviskravet ved vurderinga av om ein asylsøkar er mindreårig.
I samband med ei ankesak for Høgsterett der staten v/Utlendingsnemnda var ankemotpart, reiste dei ankande partar, fem asylsøkarar, og partshjelpar NOAS, inhabilitetsmotsegn mot dommar Steinsvik med bakgrunn i hennar tidlegare tilsetjingsforhold hjå Regjeringsadvokaten, kombinert med eit venskap med statens prosessfullmektig, advokat Skog Hauge.
Eit fleirtal på fire dommarar meinte dommar Steinsvik ikkje skulle vike sete. Tilsetjingsforholdet vart avslutta i 2014. Slik kontakten mellom dommar Steinsvik og advokat Skog Hauge var skildra var det ikkje tale om eit slikt nært venskap at det i seg sjølv kunne medføre inhabilitet.
Etter fleirtalets syn medførte heller ikkje ei samla vurdering av det tidlegare tilsetjingsforholdet, venskapet og den seinare kontakten, at det låg føre særeigne omstende som tilsa at dommar Steinsvik var inhabil.
Fleirtalet understreka at vurderinga av om et venskapsforhold kan medføre inhabilitet, kan stille seg annleis der dommaren har eit venskapsforhold til ein part i saka. Ein dommar meinte dommar Steinsvik var inhabil.
Orskurden gir rettleiing om forståinga av domstollova § 108.