Eiendomsskattesaken i Oslo
Høgsteretts dom og orskurd 25. juni 2019, HR-2019-1198-A, (sak nr. 18-193373SIV-HRET)
I. Oslo kommune (Kommuneadvokaten i Oslo v/assisterande kommuneadvokat Trine Riiber), advokat Bodil Høstmælingen, KS (partshjelpar) (advokat Frode Lauareid) mot John Sverre Svendsen (grupperepresentant) (advokat Bettina Banoun)
II. John Sverre Svendsen (grupperepresentant) (advokat Bettina Banoun) mot Oslo kommune (Kommuneadvokaten i Oslo v/assisterande kommuneadvokat Trine Riiber), advokat Bodil Høstmælingen
Dommarar: Webster, Bergsjø, Arntzen, Falch, Bergh
Høgsterett kom til at vedtaket i Oslo kommune om å skrive ut eigedomsskatt for 2016 var ugyldig fordi kommunen hadde oversete utskrivingsfristen. Derimot låg det innanfor skjønnsfridommen deira å fastsette botnfrådraget til 4 millionar kroner.
Saka gjaldt eit gruppesøksmål frå mange eigedomsskattytarar i Oslo mot Oslo kommune.
Gruppa gjorde for det første gjeldande at forskrifta til kommunen om eigedomsskatt var ugyldig fordi ho fastsette eit så høgt botnfrådrag at nærmare 80 prosent av bustadeigarane blei fritatt for eigedomsskatt. Høgsterett kom til at lova inneheld ei grense for kor høgt botnfrådraget kan settast. Denne grensa var ikkje overskriden. Preget av allmenn skattlegging var i behald, særleg fordi så vidt mange blir skattlagde, og fordi skatten femner breitt geografisk og på annan måte. Men Høgsterett uttalte at kommunen har bevegd seg nær den grensa som gjeld.
Gruppa gjorde for det andre gjeldande at utskrivingsvedtaka var ugyldige fordi fristen i eigedomsskattelova § 14 var overseten da skatten blei skriven ut i slutten av juni 2016. Fristen var ikkje 30. juni, da 2016 ikkje var «første året» Oslo skreiv ut eigedomsskatt. Dernest hadde kommunen ikkje «så langt råd er» skrive ut skatten innan 1. mars. Når arbeidet med utskrivinga blei påbegynt så seint at det ikkje var mogleg å rekke den fristen, kunne ikkje fristen utsettast.
Eit mindretal på to dommarar kom til at kommunen «så langt råd er» hadde overhalde fristen 1. mars, og at vedtaka derfor var gyldige.
Endeleg gav Høgsterett Oslo kommune medhald i at dei i dei tilfella éin eigedom består av fleire bueiningar, korrekt hadde tilordna eitt botnfrådrag til kvar bueining. Kommunen fekk også medhald i at saka måtte avvisast frå domstolane for dei av gruppemedlemmene som ikkje hadde klaga før dei registrerte seg i gruppesøksmålet.
Dommen gir rettleiing om kva grense som gjeld når kommunane fastset botnfrådrag ved utforminga av eigedomsskatt, og om kva fristar kommunane må halde seg innanfor ved utskriving av skatten.