Entrepriseforhold. Ein entreprenør hadde kravd tilleggsvederlag for plunder og heft og forsering

Høgsteretts dom 26. juni 2019, HR-2019-1225-A, (sak nr. 18-175510SIV-HRET)

I.
Oppland fylkeskommune (advokat Arve Martin Bjørnvik) (Rettslig medhjelper: advokat Johnny Johansen) mot Hab Construction AS (advokat Nils-Henrik Pettersson)

II.
Hab Construction AS (advokat Nils-Henrik Pettersson) mot Oppland fylkeskommune (advokat Arve Martin Bjørnvik) (Rettslig medhjelper: advokat Johnny Johansen)

Dommarar: Indreberg, Møse, Noer, Ringnes, Thyness

Etter avslutninga av eit entrepriseoppdrag for eit veganlegg kravde entreprenørselskapet Hab Construction AS tilleggsvederlag for nedsett produktivitet – plunder og heft – og forsering.

Spørsmålet i saka var kva krav som må stillast til bevisa for årsakssamanheng mellom forholda til byggherren og meirkostnadene for entreprenøren. Høgsterett uttaler at det i utgangspunktet er entreprenøren som må påvise konkret kva for arbeidsoperasjonar som blei påverka av byggherreforholda, og berekne dei meirkostnadene dette har ført med seg. Årsakssamanhengen må underbyggast med konkrete bevis, men beviskrava kan ikkje settast så høgt at det i praksis blir umogleg eller urimeleg tyngande for entreprenøren å føre bevis for plunder og heft.

Lagmannsretten hadde tilkjent 5 millionar kroner i tilleggsvederlag for plunder og heft og 2,5 millionar kroner for forsering. Desse beløpa var utmålte etter skjønn. Lagmannsretten hadde ikkje forankra utmålinga i dei rettslege krava til årsakssamanheng for plunder og heft og ikkje gjort ei konkret vurdering av årsakssamanhengen for forseringskravet. Dette var feil rettsbruk, og dommen blei oppheva så langt han var anka.

Dommen gjer greie for dei generelle og spesielle krava til bevis for årsakssamanheng som vil gjelde i tvistar om plunder og heft, og gir med det rettleiing om bevisspørsmål som har gitt opphav til mange tvistar i bransjen, og der praksis frå lagmannsrettane er sprikande.

Les avgjørelsen i sin helhet