Flytting med born til Italia
Høgsteretts dom 26. juni 2019, HR-2019-1230-A, (sak nr. 19-009047SIV-HRET)
A (advokat Mette Renholt Ackenhausen) mot B (advokat Leif Oscar Olsen)
Dommarar: Webster, Bull, Kallerud, Falch, Høgetveit Berg
Ei mor som hadde felles foreldreansvar til to born på 5 og 6 år, ynskte å flytte til Italia med borna. Borna budde fast hjå mor i Noreg. Far hadde omfattande samvær.
Etter barnelova § 56 kan den eine forelderen reise sak om flytting til utlandet utan å krevja foreldreansvaret aleine. Høgsterett kom til at det i vurderinga av kva som er til beste for borna i ein slik situasjon, ikkje er nokon rettsleg presumsjon for eller mot flytting. Vurderinga er framtidsretta og brei. Kva som er best for borna må avgjerast konkret i den einskilde saka.
Høgsterett kom i dette tilfellet til at det var til det beste for borna å flytte med mor til Italia. Dei skulle uansett bu fast hjå mor. Risikoen ved miljøskifta var liten, og det låg i den konkrete saka svært godt til rette for fortsatt samvær med far.
Saka gjev retningsliner for vurderinga av barnets beste i saker om flytting til utlandet.