Forbod mot bruk av Lovdata sine databasar

Høgsteretts orskurd 11. september 2019, HR-2019-1725-A, (sak nr. 19-22475SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.  

Fredrik Ljone, Håkon Wium Lie (advokat Halvor Manshaus) mot Stiftelsen Lovdata (advokat Jon Wessel-Aas)

­­­­­­­­­Dommarar: Indreberg, Bull, Ringnes, Arntzen, Thyness

Ei rekkje dommar og andre avgjerder frå Høgsterett var blitt henta frå Lovdata sine databasar og publisert på nettstaden Rettspraksis.no, som presenterer seg som ein gratis ressurs for å søkje og finne informasjon i rettsavgjerder.

Høgsterett kom til at uttrekk og tilgjengeleggjering på internett av det aktuelle materialet var i strid med Lovdata sin einerett etter åndsverklova § 24 for så vidt gjaldt avgjerder frå ein DVD utgitt av Lovdata i 2005 og Lovdata sine onlinedatabasar. Det var semje om at materiale henta frå ein CD utgitt av Lovdata i 2002 kunne nyttast fritt fordi verneperioden på 15 år var gått ut.

Åndsverklova byggjer på internasjonale rettskjelder og reflekterer lovgjevar si medvitne avveging av rettshavarane sine legitime rettar på den eine sida og ytringsfridomen på den andre sida. Omsynet til ytringsfridomen kunne i denne saka ikkje slå gjennom overfor lova sine klare reglar.

Orskurden gir rettleiing for avveginga mellom databaseretten etter åndsverklova og ytringsfridomen. Orskurden gir vidare rettleiing for tolkinga av åndsverklova § 14, som gjeld verk og andre rettar utan vern etter lova.

Les heile avgjerda