Utvalskrins ved omorganisering og nedbemanning

Høgsteretts dom 29. oktober 2019, HR-2019-1986-A, (sak nr. 19-026350SIV-HRET), sivil sak, anke over dom. 

Telenor Norge AS (advokat Sten Foyn), Abelia (partshjelpar) (advokat Margrethe Meder) mot A (advokat Karl Inge Rotmo), EL og IT Forbundet (partshjelpar) (advokat Rune Lium)

Dommarar: Indreberg, Normann, Bergsjø, Ringnes, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at oppseiinga av ein salskonsulent i Telenor Norge AS var ugyldig fordi utvalskrinsen ikkje oppfylte saklegheitskravet i § 8-2 i Hovedavtalen mellom LO og NHO.

Telenor Norge AS gjennomførte i 2016 ei omorganisering og nedbemanning i divisjon Business. I tråd med etablert praksis var utvalskrinsen bestemt av kriteria divisjon og geografisk plassering. Arbeidstakaren A, som saka gjaldt, arbeidde i business-divisjonen i Trondheim. I denne divisjonen var det 11 arbeidstakarar. Av desse var ni seljarar og A var einaste salskonsulent. Ho hadde 32 års ansiennitet i selskapet, men vart overtalig ved nedbemanninga.

Høgsterett viste til at Telenor Norge AS er bunden av tariffavtale, og at ansiennitetsprinsippet då får ei anna betydning enn det har etter arbeidsmiljølova § 15-7. På grunnlag av Arbeidsrettens praksis, uttalte Høgsterett at kva slags eller kor mange arbeidstakarar som inngår i utvalskrinsen, må trekkast inn i saklegheitsvurderinga når det er naudsynt for å sikre at ansiennitet blir eit utvalskriterium ved den konkrete vurderinga av kva slags arbeidstakarar som er overtalige. Ein utvalskrins kan vere usakleg grunngjeve dersom ansiennitetsprinsippet heilt mister sin betydning eller blir vesentleg svekka.

Høgsterett uttalte at Telenor Norge, som følgje av si storleik og verksemd, har sakleg grunn til å vike frå det rettslege utgangspunktet om at heile verksemda er utvalskrins. Divisjon og geografisk plassering er i utgangspunktet saklege og naturlege avgrensingskriterium. Ved den konkrete og individuelle vurderinga som skal føretas, låg Høgsterett likevel avgjerande vekt på at talet og samansetninga av arbeidstakarar som gjekk inn i utvalskrinsen i Trondheim, medførte at ansiennitetsprinsippet var vesentleg svekka. Konsekvensen for A var at hennar ansiennitet på 32 år mista all betydning som utvalskriterium. Oppseiinga var følgjeleg ugyldig, og anken frå Telenor Norge AS over lagmannsrettens dom vart forkasta.

Dommen har betydning for fastlegginga av utvalskrins for tariffbundne bedrifter.

Les heile avgjerda