Utvisning

Høgsteretts dom 9. desember 2019, HR-2019-2286-A, (sak nr. 19-083349SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Hilde Ruus) mot A, B (partshjelpar), C (partshjelpar), D (partshjelpar), E (partshjelpar), F (partshjelpar) (advokat Arild Karl Humlen)

Dommarar: Øie, Matheson, Bull, Kallerud, Steinsvik

Høgsterett kom til at ein utlending som hadde gjort seg skuldig i alvorlege brot på utlendingslova, kunne utvisast med to års innreiseforbod.

Utlendingen hadde blant anna oppgitt feil opphavsland og falsk identitet. Ho etablerte eit familieliv i Noreg utan å leggje frem riktige opplysningar. Sjølv om omsynet til barna hennar vog tungt, var det ikkje tilstrekkeleg til å sette utvisingsvedtaket til side som stridande mot barnekonvensjonen eller mot EMK artikkel 8 om rett til familieliv.

Dommen klargjer kva slags moment styresmaktene skal leggje vekt på ved vurdering av om det kan treffast utvisingsvedtak overfor ein utlending som har etablert familieliv i Noreg på uriktig grunnlag. 

Les heile avgjerda