Barnevernlova § 6-3 første ledd
Høgsteretts orskurd 9. desember 2019, HR-2019-2301-A, (sak nr. 19-078205SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.
A (advokat Knut Gunnar Brindem) mot X kommune (advokat Frode Lauareid), B (advokat Olav Sylte)
Møter i saka i medhald av tvistelova § 30-13:
Staten v/Barne- og familiedepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Kjelstrup Emberland)
Dommarar: Møse, Normann, Ringnes, Arntzen, Thyness
Høgsterett kom til at eit barn, som er fylt sju år, ikkje har ein vilkårslaus rett til å bli informert og å uttale seg i sak om endring av samvær, jf. barnevernlova § 6-3 første ledd, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 12.
C, fødd 00.00.2011, vart plassert i vernebustad i november 2011. I mars 2013 trefte Fylkesnemnda i Østfold vedtak om omsorgsovertaking. Vedtak om samvær med foreldra er endra fleire gonger. Fylkesnemnda trefte i juli 2018 nytt vedtak om samvær. Både mor og far kravde overprøving av nemnda sitt vedtak ved Sarpsborg tingrett.
Under saksførebuinga oppstod spørsmålet om C skulle uttale seg om samværsspørsmålet etter barnevernlova § 6-3 første ledd. Retten oppnemnte sakkunnig som i rapport 13. januar 2019 konkluderte med at det låg føre heilt særeigne forhold ved barnet som gjorde at det ikkje var fagleg forsvarleg å late barnet uttale seg om dette. Tingretten avsa orskurd om at C ikkje skulle informerast eller høyrast om samværsspørsmålet. Lagmannsretten forkasta fars anke over orskurden. Far anka over rettsbruken til Høyesterett.
Høgsterett kom til at den unntaksfrie føresegna i barnevernlova § 6-3 første ledd ikkje kan takast heilt på ordet, men understreka at plikta til å høyre barnet som utgangspunkt ligg fast, slik at det berre kan gjerast unntak eller tilpassingar i heilt spesielle situasjonar der det ikkje vil vere forsvarleg å høyre barnet. Høgsterett kom vidare til at det ikkje hefta feil ved rettsbruken til lagmannsretten.
Avgjerda gir rettleiing for tolkinga av barnevernlova sine reglar om barnets rett til medverking i barnevernssaker.