Beviskrav ved avgjerda av om ein asylsøkjar er over eller under 18 år

Høgsteretts dom 12. desember 2019, HR-2019-2344-A, (sak nr. 19-093113SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A, B, C, D, D, E (advokat Georg Abusdal Engebretsen) Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) (advokat Jan Fougner) (partshjelpar) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Ingrid Skog Hauge)

Dommarar: Webster, Normann, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik

Beviskrav ved avgjerda av om ein asylsøkjar er over eller under 18 år.

Dommen klargjer at det alminnelege beviskravet om sannsynsovervekt skal leggjast til grunn.

Fem afghanske gutar hadde søkt asyl i Norge, og oppgitt at dei var i alderen 15-16 år gamle. Etter nærmare vurderingar, som også omfatta medisinske aldersundersøkjingar, vart søknadane avslått av Utlendingsdirektoratet (UDI). Klagar til Utlendingsnemnda (UNE) førte ikkje fram. Både UDI og UNE vurderte dei fem til å vere eldre enn 18 år.

Spørsmålet i saka var om det ved fastsetjinga av alder var riktig å nytte det alminnelege beviskravet om sannsynsovervekt, eller om det skulle vore nytta eit såkalla dempa beviskrav. Høgsterett meinte det ikkje var grunnlag for eit dempa beviskrav, heller ikkje når vurderinga skjedde i et barnesensitivt perspektiv.

Det vart lagt vekt på at det var tale om eit gjennomregulert rettsområde som har vore gjenstand for vanskelege politiske avvegingar, og der det relativt nyleg er gitt føresegner som gir auka vern for einslege mindreårige asylsøkjarar. Lovgjevar sin klare føresetnad hadde samstundes vore at det skal nyttast eit alminneleg beviskrav som følgje av den betydelege risikoen for misbruk av reglane.

Det vog vidare tungt at det gjennomgåande er lagt inn tryggingsmarginar i alle vurderingane som blir gjort, og at det når vedtaket vert treft, skal gjerast ei konkret og nyansert vurdering. Det stod også sentralt at alle søkjarane vert behandla som barn fram til søknaden om asyl er avgjort. 

Saka gir rettleiing for forståinga av beviskravet i utlendingssaker.

Les heile avgjerda