Forsikringsselskaps regressrett
Høgsteretts dom 18. desember 2019, HR-2019-2386-A, (sak nr. 19-08904SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
AmTrust International Underwriters Ltd (advokat Jørgen Svartebekk) mot Qudos Insurance AS’ konkursbo (advokat Sølve Holen Robstad)
Dommarar: Møse, Kallerud, Østensen Berglund, Thyness, Sverdrup
Eit forsikringsselskap hadde under ei bustadkjøparforsikring dekka utgifter kjøparar av eit bustadhus hadde hatt i forkant av at sak vart reist for å dokumentere seljarens mangelsansvar. Høgsterett kom til at forsikringsselskapet kunne krevje beløpet dekka under seljarens eigarskifteforsikring.
Dommen klargjer at skadebotlova § 4-3, jf. § 4-2 ikkje gjer innskrenkingar i eit forsikringsselskaps rett til å krevje regress for utgifter selskapet har dekka for ein forsikringstakar som har krav på skadebot etter reglane i avhendingslova.