Gyldigheita av vedtak om øvre reintal

Høgsteretts dom 19. desember 2019, HR-2019-2395-A, (sak nr. 19-048745SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Reinbeitedistrikt 13 (advokat Trond Pedersen Biti) mot Per Nils Ottar Anti (advokat Brynjar Østgård)

Dommarar: Møse, Bergsjø, Høgetveit Berg, Thyness, Steinsvik

Eit reinbeitedistrikt hadde fastsett bruksreglar med føresegner om eit øvre reintal på 650 rein per siidadel i den einaste sommarsiidaen i distriktet. For fleire av siidadelane innebar dette at dei måtte redusere talet på rein betydeleg, medan andre fekk høve til å auke reintalet sitt.

Ein reineigar som etter vedtaket måtte redusere reintalet frå 1400 til 650, nekta for at det kunne fattast eit slikt vedtak utan tilslutnad frå alle siidadelane og gjorde gjeldande at reintalsreduksjon måtte gjennomførast ved ein forholdsmessig reduksjon blant alle siidadelane. Han gjorde også gjeldande at vedtaket medførte krenking av eigedomsvernet etter Den europeiske menneskerettskonvensjon første tilleggsprotokoll artikkel 1 (EMK P1-1).

Høgsteretts fleirtall (tre dommarar) kom i likskap med lagmannsretten til at reinbeitedistriktets vedtak var ugyldig. Mindretalet (to dommarar) meinte at vedtaket var gyldig, og at det heller ikkje krenka EMK P1-1.

Dommen klargjer rekkevidda av reindriftslova § 60 fjerde ledd om fastsetjinga av øvre reintall per siidadel som ledd i gjennomføring av reintalsreduksjon.

Les heile avgjerda