Erstatningskrav mot staten for ugyldig omgjering av vedtak om deltakardel til fiskeri

Høgsteretts dom 19. desember 2019, HR-2019-2396-A, (sak nr. 19-099584SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Frøybas AS (advokat Ole Rasmus Asbjørnsen) mot Staten v/Nærings- og fiskeridepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Jenny Arge Sandvig)

Dommarar: Indreberg, Normann, Ringnes, Høgetveit Berg, Steinsvik

Fiskeri- og kystdepartementet hadde gjort om eit vedtak om deltakartilgang i fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62 gradar nord. Omgjeringsvedtaket var kjent ugyldig ved rettskraftig dom i lagmannsretten. Selskapet som eigde fartyet som hadde hatt deltakartilgangen, saksøkte staten ved Nærings- og fiskeridepartementet med krav om skadebot for tapte inntekter.

Det følgjer av Høgsteretts dom i Rt-2010-291 (Vangen) at det offentlege som hovudregel ikkje har objektivt ansvar for ulovheimla myndigheitsutøving. Det låg ikkje føre særlege omsyn som ga grunnlag for å vike frå denne hovudregelen. Høgsterett kom vidare til at staten ikkje er ansvarleg på grunnlag av arbeidsgjevaransvaret. Departementets rettsbruk var forsvarleg, blant anna i lys av omsynet til selskapets innretting, saksbehandlinga og vurderingstemaet.

Dommen bidreg til å klargjere statens ansvar for ulovheimla myndigheitsutøving og aktsemdnorma etter arbeidsgjevaransvaret når myndigheitsfeilen er knytt til den konkrete rettsbruken.

Les heile avgjerda