Betydninga av ansiennitet ved nedbemanning
Høgsteretts dom 28. februar 2019, HR-2019-424-A, (sak nr. 18-048786SIV-HRET), sivil sak, anke over dom:
Skanska Norge AS (advokat Jarl Borgvin Dørre), Næringslivets Hovedorganisasjon (advokat Kurt Weltzien) (partshjelpar) mot Inge Kristian Einset, Richard Mark Bell, Jim Aune, Kolbjørn Dolmseth, Bent Åge Andersen, Egil Grongstad (advokat Edvard Bakke), Landsorganisasjonen i Norge (partshjelpar) (advokat Elisabeth Susan Grannes)
Dommarar: Matningsdal, Møse, Normann, Ringnes, Falch
Betydninga av ansiennitet ved nedbemanning
Høgsterett kom til at det ikkje er eit generelt krav at det skal vere vesentlege kompetanseforskjellar for å kunne fråvike ansiennitetsprinsippet i Hovudavtalen LO-NHO § 8-2.
Ein arbeidsgivar gjennomførte ei større nedbemanning av fagarbeidarar. I valet av kven som skulle seiast opp, fråveik arbeidsgivaren ansiennitetsrekkefølga og la i staden særleg vekt på kompetanse og fagleg dyktigheit. Lagmannsretten kjende oppseiingane ugyldige, mellom anna fordi kompetanseforskjellane som oppseiingane var grunngitt med, ikkje var store nok til å kunne fråvike ansiennitetsprinsippet. Arbeidsgivaren anka til Høgsterett over rettsbruken.
Høgsterett kom til at ansiennitetsprinsippet kunne fråvikast utan at det blei stilt så strenge krav som dei lagmannsretten hadde stilt. Anken blei likevel forkasta, fordi det ved utveljinga av kven som skulle seiast opp, var manglar ved saksbehandlinga frå arbeidsgivaren si side.
Dommen gir rettleiing om kor stor vekt arbeidsgivarar må legge på ansiennitetsprinsippet ved utveljing til oppseiing i nedbemanningsprosessar, jf. arbeidsmiljølova § 15-7 og Hovudavtalen LO-NHO § 8-2. Dommen gir også rettleiing om kva krav til saksbehandling som kan stillast til arbeidsgivaren i slike prosessar.