Krav om at bortfestaren skal overta bygninga på festetomta når festeforholdet skal avviklast

Høgsteretts dom 26. september 2019, HR-2019-1784-A, (sak nr. 19-35999SIV-HRET), sivil sak, anke over overskjønn.  

I.
Foretakseiendom AS (advokat Ole Edvard Tokvam) mot Oslo kommune (Kommuneadvokaten i Oslo v/advokat Atle Torvund)

II.
Oslo kommune (Kommuneadvokaten i Oslo v/advokat Atle Torvund) mot Foretakseiendom AS (advokat Ole Edvard Tokvam)

Dommarar: Indreberg, Kallerud, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik

Lagmannsretten ga kommunen som bortfestar påbod om å overta ein kombinert lager- og kontorbygning som står på kommunen sin eigedom på Stubberudfeltet nord for Oslo sentrum.

Høgsterett kom til at lagmannsrettens interesseavveging var for snever. Det som særleg mangla var ei vurdering av partane sine individuelle, konkrete, interesser basert på dei rettslege utgangspunkta som blir trekt opp i dommen. Lagmannsretten si avgjerd vart difor oppheva. 

Dommen klargjer korleis interesseavveginga etter tomtefestelova § 40 skal gjerast. 

Les heile avgjerda