Krav om vederlagsjustering ved utføringsentreprise
Høgsteretts dom 2. mai 2019, HR-2019-830-A, (sak nr. 18-156371SIV-HRET), sivil sak, anke over dom
Magne Sveen AS (advokat Ola Haugen), Maskinentreprenørenes Forbund (partshjelpar) (advokat Are Hunskaar) mot Staten v/Samferdselsdepartementet (advokat Andreas Rostveit)
Dommarar: Matningsdal, Matheson, Kallerud, Bergsjø, Ringnes
Høgsterett meinte i motsetning til lagmannsretten at ein entreprenør hadde krav på vederlagsjustering etter utførte sprengingsarbeid under ein entreprisekontrakt med einingsprisar. Lagmannsrettsdommen blei oppheva.
Ein entreprenør inngjekk kontrakt med Statens vegvesen om bygging av parsellen Lygna sør på rv. 4 i Gran kommune. Ved prisinga av sprengingsarbeida baserte entreprenøren seg mellom anna på ei arealopplysning i ein prosess i konkurransegrunnlaget som direkte gjaldt «bergrensk». Sprengingsarbeida var beskrivne i ein annan prosess. Arealopplysninga i prosessen om bergrensk var feil, og entreprenøren gjorde gjeldande at dette førte til at sprengingsarbeida blei prisa for lågt.
Høgsterett gav entreprenøren medhald i at han hadde eit vederlagskrav på dette grunnlaget. Det var ikkje uforsvarleg av entreprenøren å bygge på arealopplysninga ved kalkylane. Arealopplysninga innebar ein prosjekteringsfeil som Statens vegvesen hadde ansvaret for.
Dommen gir rettleiing om ansvars- og risikofordelinga i entreprisekontraktar.