Krav på erstatning for strafforfølging som har enda i frifinning
Høgsteretts dom 24. oktober 2019, HR-2019-1969-A, (sak nr. 19-066887SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Arne Johan Dahl) mot A (advokat John Christian Elden)
Dommarar: Øie, Normann, Noer, Bull, Arntzen
Saka reiste spørsmål om ein deltakar i eit indre selskap kunne krevje erstatta tapt overskotsdel i selskapet. Høgsterett kom – under tilvising til at selskapsdeltakaren var påført eit tap som var uavhengig av om selskapet var påført skade – til at staten var erstatningsansvarleg for dette tapet.
A var partnar i Ernst &Young – EY – frå 1990 fram til han i 2016 slutta i samsvar med aldersgrensa. Den 11. mars 2005 vart han saman med fleire andre sikta for brot på likningslova § 12-1, jf. § 12-2 i den såkalla Transocean-saka. Han vart frifunnen ved Borgarting lagmannsretts dom 14. januar 2016. Gjennom perioden frå A vart sikta til han gjekk av, gjorde han ein betydeleg arbeidsinnsats for å forsvare seg mot skuldingane. Dette medførte redusert arbeidsinnsats for og inntening til EY.
A fremja krav om å få erstatta sin faktisk tapte overskotsdel i EY IS. Kravet var ikkje basert på eit mogleg inntektsbortfall for EY, men på at han var påført eit tap som følgje av redusert overskotsdel i selskapet. Selskapet kunne i medhald av partnaravtalen og selskapsavtalen redusere overskotsdelen hans basert på at hans arbeidsinnsats for og inntening til EY var tilsvarande redusert i den aktuelle perioden. A hadde dermed lidd eit tap som var uavhengig av om EY var påført skade.
Dommen gir rettleiing for grensa mellom selskapstap og den enkelte selskapsdeltakars særtap.