Meirverdiavgift for kusking av travhestar
Høgsteretts dom 12. februar 2019, HR-2019-273-A, (sak nr. 18-096925SIV-HRET), sivil sak, anke over dom:
Åsbjørn Tengsareid (advokat Rune Helgestad Eriksen), Det Norske Travselskap (partshjelpar) (advokat Kaare Andreas Shetelig) mot Staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Kari Sigurdsen)
Dommarar: Webster, Bull, Bergsjø og Høgetveit Berg, Lindsetmo
Klagenemnda for meirverdiavgift hadde etterberekna ein travkusk frå Sandefjord for utgåande meirverdiavgift av mottatte oppsittpengar og delar av premiar. Høgsterett kom til at vedtaket var gyldig.
Travkuskar får eit fast beløp – oppsitt eller oppsittpengar − for å stille opp i travløp. Dei får også ein del av dei premiane som blir køyrde inn, gjerne 5 eller 10 prosent, avhengig av om dei også trener hesten. I tråd med praksis i bransjen var det ikkje berekna utgåande meirverdiavgift av beløpa som den aktuelle kusken hadde mottatt i oppsitt og delar av premiar. Høgsterett kom til at utbetalingane innebar avgiftspliktig omsetning. Vedtaket om etterberekning av utgåande meirverdiavgift var dermed gyldig.
Dommen gir rettleiing om kva som er avgiftspliktig omsetning innan travsporten.