Om konkursbuet kunne gjere eit sjølvstendig krav gjeldande etter forelding på selskapet si hand

Høgsteretts dom 6. juni 2019, HR-2019-1073-A, (sak nr. 18-168174SIV-HRET), sivil sak, anke over dom,

Marine Subsea AS, dets konkursbo (advokat Kåre Idar Moljord) mot XL Insurance Company SE (advokat Anders Wilhelm Færden), Hans Christian Nygaard (advokat Caterina Håland Gaeta) (Rettslig medhjelper: advokat Bjørn Stordrange)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Bergsjø, Ringnes, Arntzen

Høgsterett slo fast at eit konkursbu ikkje på ulovfesta grunnlag kan gjere krav på vegner av selskapet etter aksjelova § 3-8 tredje ledd andre punktum, jf. § 3-7 andre ledd, gjeldande som eit sjølvstendig krav når dette er forelda på selskapet si hand. I motsetning til det garantiprega ansvaret etter aksjelova § 2-19 bygger ansvarsspørsmålet etter § 3-7 andre ledd på ei samansett vurdering. Spørsmålet om kreditorfellesskapen skal få eit utvida vern, bør da vere opp til lovgivaren å bestemme på same måte som ved krav etter aksjelova § 17-1, jf. Rt-2008-833.

Avgjerda gir rettleiing for når eit konkursbu kan gjere sjølvstendige krav gjeldande sjølv om dei skulle vere forelda på konkursdebitor si hand.  

Les heile avgjerda