Prinsippa for verdsetting av odelseigedom ved odelstakst

Høgsteretts dom 2. april 2019, HR-2019-647-A, (sak nr. 18-193765SIV-HRET), sivil sak, anke over dom:

John Hedalen (advokat Oddvar Myhren Møllerløkken) mot Solveig Hedalen, Marit Hedalen Småvik, Kirsti Hedalen, Tom Hedalen (advokat Christian Wefling)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Ringnes, Bergh, Lindsetmo

I samband med overtaking av ein eigedom med odlingsjord på skifte blei eigedommen verdsett til odelstakst etter odelslova § 49. Eigedommen består av 26,7 dekar dyrka jord, 136,3 dekar skog og eit tun med bygningar. Cirka 85 dekar av skogen er sett av til bustadbygging i den kommunale langtidsplanen frå 2013.

I skifteovertaksten var eigedommen verdsett til 13 millionar kroner, av dei var skogarealet som var sett av til utbygging, taksert til 10 millionar kroner.  

Spørsmålet i saka var om verdsettinga var i samsvar med vilkåret i odelslova § 49 om at verdsettinga skal skje på grunnlag av ein bruksmåte som er foreinleg med at eigedommen hovudsakleg blir brukt til landbruksformål. 

Høgsterett var einig i rettsbruken til lagmannsretten og forkasta anken. 

Høgsterett uttalte at vilkåret «hovudsakleg» i odelslova § 49 vil knyte seg til dei areala på eigedommen som er aktuelle for landbruksdrift. Skifteovertaksten hadde fastslått at skogarealet hadde lite eller ingenting å seie for jordbruksverksemda på eigedommen.

Meirverdien knytt til areal som ikkje er aktuelle for landbruksdrift, og som kan utnyttast til andre formål utan å komme i konflikt med landbruksdrifta, må kunne takast med i taksten sjølv om arealet utgjer større delar av eigedommen sett under eitt. Verken lovteksten eller forarbeida gir grunnlag for å sette ei øvre grense for kor stor del av taksten som kan knytast til anna utnytting enn landbruksdrift.  

Dommen gir rettleiing om korleis ein skal forstå prinsippa for odelstakst etter odelslova § 49. 

Les heile avgjerda