Rekkevidda av framtidsfullmakt

Høgsteretts orskurd 18. september 2019, HR-2019-1758-A, (sak nr. 19-11479SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.  

A (advokat Bent Endresen) mot B, C (advokat Janne Karin Rasmussen)

Dommarar: Endresen, Matheson, Falch, Østensen Berglund, Steinsvik

Attlevande ektefelle som sat i uskifta bu hadde gitt to av sine tre livsarvingar framtidsfullmakt til å føreta alle disposisjonar av økonomisk og personleg art frå det tidspunktet han sjølv ikkje lenger var i stand til å ivareta sine eigne interesser. Etter at fullmakta hadde trådd i kraft sette fullmektigane fram krav om skifte av fullmaktsgivaren sitt uskiftebu.

Høgsterett kom i likskap med lagmannsretten til at det å krevje skifte av uskiftebuet ikkje var eit særleg personleg forhold som fell utanfor rammene av kva ein framtidsfullmakt kan omfatte.

Lagmannsrettens orskurd vart likevel oppheva som følgje av feil ved tolkinga av habilitetsreglane i verjemålslova.

Avgjerda har betyding for forståinga av reglene om framtidsfullmakt og for habilitetsvurderinga i denne samanhengen.

Les heile avgjerda