Rettleiingsplikta til retten ved behandlinga av sivile krav i ei straffesak

Høgsteretts dom 12. april 2019, HR-2019-741-A, (sak nr. 18-177107SIV-HRET), sivil sak, anke over dom: 

I. 
A (advokat Frode Sulland) mot B (advokat Nora Hallén)
II.
C (advokat Bjørnar Eilertsen) mot B (advokat Nora Hallén)

Dommarar: Indreberg, Webster, Bergh, Sæbø, Lindsetmo

Høgsterett kom til at det ikkje var ein saksbehandlingsfeil at lagmannsretten ikkje hadde sørgd for å klarlegge om dei tiltalte ville gjere gjeldande at det framsette kravet om oppreisningserstatning var forelda. 

Ved lagmannsrettsdommen blei to menn frikjende for tiltale om valdtektsforsøk og valdtekt. Dei blei likevel dømde til å betale oppreisningserstatning. Etter foreldingslova § 11 kan krav om oppreisning fremmast i ei straffesak sjølv om den ordinære foreldingsfristen er ute. Denne regelen gjeld ikkje når dei tiltalte blir frifunne. I slike tilfelle vil dei alminnelege foreldingsreglane vere avgjerande. 

Høgsterett la til grunn at vurderinga av den eventuelle plikta retten har til å gi rettleiing om dei rettslege spørsmåla i saka – drive materiell prosessleiing – må skje med utgangspunkt i tvistelova § 11-5 også når sivile krav blir behandla i ei straffesak der dei sikta er representerte av forsvarar. Ei slik plikt vil berre ligge føre i særlege situasjonar. Høgsterett kom til at det ikkje låg føre noka plikt i dette tilfellet. 

Avgjerda bidrar til å klargjere omfanget av rettleiingsplikta til retten.

Les heile avgjerda