Skattlegging av utanlandskregistrert verdipapirfond

Høgsteretts dom 11. september 2019, HR-2019-1726-A, (sak nr. 18-183759SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Staten v/Skatteetaten (advokat Ole Kristian Rigland) (Rettsleg medhjelpar: advokat Alf Henrik Evjenth Kolderup) mot Storebrand International Private Equity V Limited (advokat Henning Harborg) (Rettsleg medhjelpar: advokat Finn Backer-Grøndahl)

Dommarar: Endresen, Webster, Noer, Falch, Steinsvik

Høgsterett kom til at ein utanlandskregistrert investeringsstruktur måtte reknast som eit «verdipapirfond» etter skattelova. Fondet slapp då å betale skatt av forteneste ved sal av aksjar i selskap som høyrde heime utanfor EØS.

Fleirtalet i Høgsterett (tre dommarar) låg vekt på at det var gitt ein definisjon av verdipapirfond i verdipapirfondlova. Denne måtte etter fleirtalet sitt syn vere avgjerande også for tolkinga av skattelova sine reglar om skattlegging av verdipapirfond. Mindretalet i Høgsterett meinte at skattelova berre gjaldt fond som var gitt løyve av Finanstilsynet og som var regulert av verdipapirfondlova sine reglar.

Saka har betydning for omfanget av skatteplikta for utanlandskregistrerte verdipapirfond som har inntekter frå sal av aksjar i selskap som høyrer heime i land utanfor EØS.

Les heile avgjerda