Søksmålsrett om gyldigheita av årsmøtevedtak i samvirkelag

Høgsteretts orskurd 22. oktober 2019, HR-2019-1954-A, (sak nr. 18-194764SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd. 

Karmøy Bygdeservice SA (advokat Gerd Aaland Fagerli) mot John Søren Falnes (advokat Olav Fredrik Perland)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Bull, Høgetveit Berg, Steinsvik

Samvirkelova § 56 gir medlemmar, styremedlemmar og daglig leiar, samt visse andre, rett til å reise søksmål om gyldigheita av årsmøtevedtak. Høgsterett kom til at lagmannsretten hadde tolka føresegna riktig då den kom til at føresegna ikkje krev at den som reiser sak, må ha ein aktuell interesse i å få vedtaket prøva. Dette inneber eit unntak frå dei vanlege søksmålsvilkåra i tvisteloven.

Saka gjaldt eit varamedlem til styret som meinte at han urettmessig ikkje var blitt attvalt til dette vervet fordi det framleis stod att eitt år av tenestetida hans. Etter at saka kom opp for retten, var det blitt halde nytt årsmøte og nytt styreval. Samvirkelaget hevda difor at søksmålet måtte avvisast fordi det no gjaldt eit fortidig forhold.

Samvirkelova § 56 har sitt førebilete i aksjelova § 5-22. Denne føresegna er tradisjonelt forstått slik at den gir høve til å reise søksmål utan omsyn til om dei vanlege søksmålsvilkåra i tvistelova er oppfylt. Høgsterett meinte at samvirkelova § 56 måtte tolkast på same måte.

Orskurden gir rettleiing om korleis dei særskilte søksmålsvilkåra i aksjelova og samvirkelova må bli forstått. 

Les heile avgjerda