Spørsmål om ulovfesta objektivt erstatningsansvar ved bruk av spinningsykkel

Høgsteretts dom 14. januar 2019 dom, HR-2019-52-A, (sak nr. 18-070984SIV-HRET), sivil sak, anke over dom:

Spenst X AS, Sparebank 1 Skadeforsikring AS (advokat Yngve Skogrand) mot A (advokat Einar Ingvald Skrøder Lohne)

Dommarar: Øie, Møse, Bull, Ringne, Lindsetmo 

Ei kvinne pådrog seg ein skade da ho fall frå ein spinningsykkel på eit treningssenter. Årsaka var at setebolten knakk. Tingretten hadde rettskraftig avgjort at treningssenteret ikkje handla aktlaust, og spørsmålet for Høgsterett var aleine om selskapet som dreiv treningssenteret, kunne vere ansvarleg etter det ulovfesta objektive ansvaret.

Selskapet blei frifunne. Høgsterett viste til at risikoen som var knytt til bruken av spinningsykkelen, ikkje var større enn den risikoen ein møter i dagleglivet, mellom anna ved fritids- og treningsaktivitetar. Det er da ikkje grunnlag for objektivt ansvar.

Dommen gir rettleiing om det ulovfesta objektive ansvaret etter norsk rett.

Les heile avgjerda