Takstmenn opptredde ikkje i strid med profesjonsansvaret
Høgsteretts dom 7. juni 2019, HR-2019-1079-A, (sak nr. 18-137830SIV-HRET), sivil sak, anke over dom,
Eli Flatmark Stavnes Pettersen (advokat Per Christian Grant-Carlsen) mot Tryg Forsikring, Pål Haug, Hans Petter Biørnstad (advokat Hildegunn Piro)
Dommarar: Endresen, Noer, Bull, Kallerud, Thyness
To takstmenn som takserte eit hus i samband med sal av ein eigedom, oppdaga ikkje at bygningen var ført opp med «multimur». Konstruksjonsmåten har vist seg uheldig fordi han er svak for fuktpåkjenning.
Høgsterett slo fast at det også i dette tilfellet gjeld eit strengt, ulovfesta profesjonsansvar. Det var ikkje grunnlag for å ta i bruk norma i avhendingslova § 3-7 «kjente eller måtte kjenne til».
I tråd med avgjerdene i tingretten og lagmannsretten kom Høgsterett til at dei to takstmennene ikkje burde ha oppdaga at huset var sett opp med multimur.
Dommen avklarer ansvarsnorma. Han gir også rettleiing om kva ansvar takstmenn har for manglande opplysningar i ein «verdi- og lånetakst» som blir brukt ved sal av bustadeigedommar.