Tvangsadopsjon
Høgsteretts dom 28. juni 2019, HR-2019-1272-A, (sak nr. 19-051417SIV-HRET)
A (advokat Odd Arild Helland), B (advokat Svein Kjetil Lode Svendsen) mot X kommune (advokat Jens Otto Haugland)
Dommarar: Endresen, Noer, Bergsjø, Ringnes, Thyness
Tvangsadopsjon
Høgsterett stadfesta vedtaket ei fylkesnemnd hadde gjort om å ta foreldreansvaret frå foreldra og samtykke til at barnet skulle adopterast av fosterforeldra sine – såkalla tvangsadopsjon.
Fylkesnemnda hadde gjort vedtak om å ta foreldreansvaret for ein gut, som no er seks og eit halvt år gammal, frå foreldra og gitt samtykke til at guten skulle adopterast av fosterforeldra. I sine første to år levde guten dels saman med foreldra under vanskelege forhold og dels i beredskapsheim. Dei siste fire og eit halvt åra har han budd hos sine noverande fosterforeldre under trygge og gode forhold. Høgsterett var einig med tingretten og lagmannsretten i at det i denne saka var til beste for barnet å bli adoptert av fosterforeldra, sjølv om det var i strid med det dei biologiske foreldra ville.
Dommen oppsummerer rettstilstanden når det er tale om tvangsadopsjon, og belyser avveginga mellom dei ulike omsyna som gjer seg gjeldande ved ei konkret avgjerd om kva som er til beste for barnet i ei slik sak.