Uførepensjon i Statens pensjonskasse: karens

Høgsteretts dom 18. juni 2019, HR-2019-1154-A, (sak nr. 18-182181SIV-HRET)

A (advokat Per Arne Tandberg) mot Staten v/Statens pensjonskasse (Regjeringsadvokaten v/advokat Henriette Lund Busch)

Dommarar: Endresen, Matheson, Bull, Kallerud, Thyness

Høgsterett kom under dissens 4‒1 til at ei kvinne som blei diagnostisert med MS kort tid etter at ho var blitt medlem av Statens pensjonskasse, ikkje hadde rett til uførepensjon frå pensjonskassa. 

Lov om Statens pensjonskasse har ein såkalla karensregel om at den som blir ufør innan to år etter at vedkommande blei medlem av pensjonskassa, ikkje har rett til uførepensjon dersom årsaka til uførleiken er «en sykdom eller et lyte som medlemmet led av eller hadde symptomer på ved tiltredelsen, og som det må antas at han eller hun da kjente til».

Føresegna har ikkje betydning for retten hennar til uføretrygd frå folketrygda, men uførepensjon frå Statens pensjonskasse ville ha gitt henne ei større samla yting. 

Kvinna hadde eit par år før ho blei medlem av pensjonskassa, hatt ein betennelse på synsnerven som kan vere ein forbigåande sjukdom, men som også kan vere eit tidleg symptom på MS. Ho var den gongen ikkje klar over samanhengen med MS.

Høgsterett kom einstemmig til at det ikkje var eit vilkår at symptomet var aktivt akkurat ved tiltredinga, men delte seg 4‒1 med omsyn til om det var tilstrekkeleg at symptomet blei opplevd som ein sjukdom utover plager det er vanleg å ha i dagleglivet (fleirtalet sitt syn), eller om symptomet måtte opplevast som eit teikn på ein framtidig sjukdomstilstand utover den sjukdommen ho den gongen blei behandla for. 

Avgjerda gir rettleiing om korleis ein skal forstå karensregelen i Statens pensjonskasse.

Les heile avgjerda