Varemerkeinngrep på internett

Høgsteretts dom 28. november 2019, HR-2019-2213-A, (sak nr. 19-087366SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Video Communication Services AS (advokat Magnus Hauge Greaker) mot Appear TV AS (advokat Henrik Felix Reimers)

Dommarar: Webster, Matheson, Bull, Arntzen, Steinsvik

Høgsterett kom til at bruken av eit utanlandsk domenenamn som krenker norske varemerker, kan påleggjast overført til innehavaren av varemerkene for å hindre vedvarande inngrep, jf. varemerkelova § 59. Sjølv om domenenamn vert nytta globalt, er ikkje territorialprinsippet til hinder for å nytte dei handhevingstiltaka som lova viser til. Det må likevel gjerast ei forholdsmessigvurdering etter andre ledd i føresegna der også dei globale effektane av tiltaka må leggjast vekt på. Når varemerkeinngrepet nettopp består i bruken av domenenamnet, vil overføring av domenenamnet kunne sjåast som eit føremålstenleg tiltak.

Anken over lagmannsrettens dom vart forkasta.

Les heile avgjerda