Samfunnsstraff ved valdslovbrot
Høgsterettsdom 28. februar 2019, HR-2019-425-A, (sak nr.
18-173910STR-HRET), straffesak, anke over dom
A (advokat Frode Sulland) mot påtalemakta (førstestatsadvokat Trude Elisabeth Sparre)
Dommarar: Matningsdal, Møse, Normann, Bull, Sæbø
Den domfelte hadde slått den fornærma med knyttneven i ansiktet og påført han brot i nesa og kutt over auget, som måtte syast med tre sting. I tingretten blei han dømd for kroppsskade etter straffelova § 273, noko lagmannsretten la til grunn ved straffutmålinga. Høgsterett nedsubsumerte forholdet til kroppskrenking etter § 271, sidan tingretten hadde formulert kravet til forsett med omsyn til skadefølga feil.
Valdsutøvinga skjedde natt til søndag på ein bensinstasjon og var dermed «utøvd i det offentlege rom», noko som tilseier skjerpa straff. Den domfelte hadde tilstått forholdet, og utgangspunktet ved straffutmålinga var derfor fengsel utan vilkår i 36 dagar. Slaget var utløyst av ei provoserande ytring frå den fornærma om ei valdtektssak den domfelte seinare blei frifunnen i. Det var over to og eit halvt år sidan kroppskrenkinga skjedde, den domfelte var 19 ½ år på gjerningstidspunktet, og han kunne ikkje lastast for at det ikkje hadde vore framdrift i saka. Det var grunnlag for samfunnsstraff, som Høgsterett fastsette til 42 timar med ei gjennomføringstid på 120 dagar.
Den domfelte var også dømd for brot på straffelova 1902 § 201 b om usømeleg åtferd. I Hellas hadde han med mobiltelefonen filma ei jente i dusjen utan samtykke frå henne. Denne delen av dommen blei oppheva på grunn av mangelfulle domsgrunnar fordi det ikkje låg føre nærmare opplysningar om lovgivinga i Hellas, jf. straffelova § 12 nr. 3 bokstav c.