Domfelling for sovevaldtekt i militærforlegning

Høgsteretts dom 17. oktober 2019, HR-2019-1923-A, (sak nr. 19-58563STR-HRET), straffesak, anke over dom. 

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Lars Fause)

Dommarar: Matningsdal, Møse, Normann, Arntzen, Thyness

I sak om sovevaldtekt etter straffelova § 292 bokstav a, jf. § 291 bokstav b, var det funne svært få sædceller frå den sikta djupt i skjeden til den fornærma. Den sikta gjorde gjeldande at sæden måtte ha kome inn i skjeden ved fingring. Under telefonavhøyr for lagmannsretten uttalte to sakkunnige vitnar seg dels om kor lenge sædrestar kan påvisast i skjeden etter avlevering, dels om moglegheita for at sæd kan bevege seg inn i skjeden frå utsida av kjønnsorganet til ei kvinne. Den sikta vart dømt til fire års fengsel for sovevaldtekt.

Etter Høgsteretts syn fann det ikkje stad saksbehandlingsfeil etter straffeprosesslova § 109 a om at fjernavhøyr ikkje bør finne stad viss vitneforklaringa «kan være særlig viktig» eller der andre forhold «gjør det betenkelig». Etter omstenda førte det heller ikkje til oppheving at fjernavhøyret var føretatt som telefonavhøyr utan bruk av bilete.

Den eine sakkunnige hadde sendt ein oppdatert skriftleg erklæring til Den rettsmedisinske kommisjon lenge etter sin munnlege forklaring for lagmannsretten. Ettersom forklaringa hennar ikkje vikte frå eller på vesentlege punkt utfylte hennar tidlegare skriftlege erklæring til kommisjonen, fann det ikkje stad saksbehandlingsfeil etter straffeprosessloven § 147 andre ledd.  

Les heile avgjerda