Fangst av snøkrabbe på norsk kontinentalsokkel

Høgsterettsdom 14. februar 2019, HR-2019-282-S, (sak nr. 18-064307STR-HRET), straffesak, anke over dom

A og SIA North Star Ltd. (advokat Hallvard Østgård) mot påtalemakta (førstestatsadvokat Lars Fause og advokat Tolle Stabell)

Dommarar: Øie, Matningsdal, Endresen, Møse, Webster, Matheson, Kallerud, Bergsjø, Falch, Bergh, Berglund

Fangst av snøkrabbe på norsk kontinentalsokkel i fiskevernsona ved Svalbard. Betydninga av folkerettslege reglar  

Høgsterett i storkammer har forkasta ankane frå ein russisk kaptein og eit latvisk reiarlag som var dømde i lagmannsretten for å ha fangsta snøkrabbe utan norsk løyve. Fangsten skjedde i fiskevernsona ved Svalbard, på norsk kontinentalsokkel. Høgsterett uttalte at snøkrabben ifølge havrettskonvensjonen er ein sedentær art, som kyststaten Noreg etter folkeretten har eksklusiv rett til å utnytte. Svalbardtraktaten er ikkje til hinder for å straffe den som fangstar utan løyve. Dette gjeld uavhengig av nasjonalitet. Dommen er samrøystes.

Det latviske fartøyet Senator fangsta i januar 2017 snøkrabbe på norsk kontinentalsokkel i fiskevernsona ved Svalbard utan løyve frå norske myndigheiter. Ved dommen i Aust-Finnmark tingrett i juni 2017 blei kapteinen og reiarlaget dømde for ulovleg fangst. Ein anke til Hålogaland lagmannsrett førte ikkje fram. Begge dei tiltalte anka lagmannsrettsdommen til Høgsterett.

I Høgsterett blei saka behandla i storkammer, det vil seie med 11 dommarar. Storkammer blir brukt dersom saka er særleg viktig, for eksempel der det kan vere spørsmål om konflikt mellom norsk lovgiving og føresegner som Noreg er bunde av i internasjonalt samarbeid, jf. domstollova § 6.

Fangst av snøkrabbe er regulert i snøkrabbeforskrifta, som forbyr å fangste snøkrabbe med mindre eit fartøy er gitt dispensasjon. Brot på forskrifta er straffbart etter havressurslova. Denne lova gjeld med dei avgrensingane som følger av folkeretten.

Under behandlinga av saka i tingretten og lagmannsretten var det eit sentralt spørsmål om dei tiltalte måtte frifinnast fordi likebehandlingsprinsippet i Svalbardtraktaten var brote. Lagmannsretten løyste likevel saka på anna grunnlag, og behandlinga i Høgsterett var avgrensa til dei spørsmåla lagmannsretten hadde tatt stilling til. Dette innebar at Høgsterett berre skulle vurdere om snøkrabben er ein sedentær art, og om fangsten er straffbar uavhengig av om Svalbardtraktaten gjeld i det aktuelle området, og uavhengig av om dispensasjonsheimelen i snøkrabbeforskrifta eller praktiseringa av han strir mot likebehandlingsprinsippet i traktaten.

Høgsterett drøfta først spørsmålet om fangst av snøkrabbe er omfatta av dei rettane Noreg etter folkeretten har til ressursane på kontinentalsokkelen.

Etter FNs havrettskonvensjon artikkel 77 nr. 4 har ein kyststat eksklusiv rett til å utnytte naturførekomstar på sokkelen, mellom anna sedentære artar. Dersom snøkrabben er ein sedentær art, kan fangst av snøkrabbe skje med løyve frå norske myndigheiter utan at dette er i strid med folkeretten.

Ved drøftinga av om snøkrabben er ein sedentær art etter havrettskonvensjonen, tok Høgsterett utgangspunkt i at omgrepet er definert i konvensjonen. Etter artikkel 77 nr. 4 er ein art sedentær om han må vere i konstant fysisk kontakt med havbotnen for å kunne bevege seg. Ut frå det naturlege bevegelsesmønsteret til snøkrabben meinte Høgsterett det var klart at snøkrabben er ein sedentær art ifølge havrettskonvensjonen. Snøkrabben er dermed ein art som Noreg har eksklusiv rett til å utnytte på norsk kontinentalsokkel.

Etter snøkrabbeforskrifta kan norske fiskerimyndigheiter gi dispensasjon frå forbodet mot fangst av snøkrabbe. Ein dispensasjon føreset at eigaren av fartøyet har ervervsløyve, noko som berre kan tildelast norske statsborgarar eller nokon som er likestilte med norske borgarar, og som oppfyller visse vilkår. Kapteinen og reiarlaget heldt fram at denne avgrensinga er i strid med likebehandlingsprinsippet i Svalbardtraktaten, og at dei derfor ikkje kunne straffast for brot på snøkrabbeforskrifta.

Høgsterett tok utgangspunkt i at det etter norsk rett er straffbart å handle utan dispensasjon der dette er påkravd. Ein part som meiner å ha rett til dispensasjon frå eit forbod, må søke om det og deretter bringe eit eventuelt avslag på søknaden inn for domstolane ved sivilt søksmål. Parten kan ikkje velje å opptre som om dispensasjon er gitt, og gjere gjeldande som frifinningsgrunn i ei etterfølgande straffesak at ein ville hatt krav på dispensasjon om ein hadde søkt. 

Slik Høgsterett ser det, gjeld det same der ein utanlandsk part gjer gjeldande at norske reglar er i strid med folkeretten. Prinsippet om at ingen straffritt kan opptre som om løyve er gitt, er grunnleggande i eit rettssamfunn. Verken Svalbardtraktaten eller andre folkerettslege kjelder krev noko anna enn at det må ligge føre ein rett til å få avklart om norsk forvaltning er i strid med internasjonale forpliktingar. Eit sivilt søksmål gjer dette mogleg. Det er ikkje eit krav at domstolane i ei straffesak må ta stilling til om dispensasjon skulle vore gitt.

Høgsterett var på denne bakgrunnen einig med lagmannsretten i at dei tiltalte kunne straffast uavhengig av om Svalbardtraktaten kjem til bruk i det aktuelle området, og uavhengig av om dispensasjonsheimelen i snøkrabbeforskrifta skulle vere i strid med traktaten. Høgsterett peikte på at alle borgarar og selskap, norske som utanlandske, kan straffast dersom dei fangstar utan dispensasjon frå norske fiskerimyndigheiter. Det låg derfor uansett ikkje føre noko brot på likebehandlingsprinsippet i Svalbardtraktaten.

Dommen har betydning for korleis ein skal forstå omgrepet sedentær art i havrettskonvensjonen, og for spørsmålet om folkeretten kan gjerast gjeldande som frifinningsgrunnlag i ei straffesak mot nokon som har handla utan løyve.

Les heile avgjerda